Er du ein av dei som tenker over det du puttar i nisteboksen til barnet ditt? Om det er sunt, mettande, sukkerfritt osv? i så fall skal du vite at du gjer barnet ditt ein viktig tjeneste! Eller er du ein av dei som puttar loff/ kneip brød med nugatti i nisteboksen med den innstillinga at det er bedre å ete noko enn å ikkje røre maten i det heile tatt…?Men stemmer det? Når me veit at nugatti er proppfull av sukker og inneheld ingenting av det barnet ditt har behov for? Me veit og at sukker gir store svingingar i blodsukkeret, og der dermed lite gunstig for konsentrasjonen til barnet, og helsa for den saks skyld. Dette  kan vere avgjerende om barnet vil få diabetes 2 i framtida. Men det er ikkje kun nugattiskivene som bekymrar meg; leverte fem-åringen i barnehagen her ein dag, der blei han sittende attmed ein anna i garderoben som sat og kikka oppi matboksen sin. Eg blei litt overraska då eg såg det låg ein kakemann og eit lyst pølsebrød der…. Skulle ikkje forundre meg om det var nugatti på pølsebrødet… Min eigen gutt kikka ned på sin egen matboks, der han visste det låg to brødskiver med skinke og ost og ei gulerot, og sukka.

Ein anna ting som bekymrar meg er maten som blir servert rundtom i barnehagar. Mange er flinke på dette området berre så det er sakt, men det er og dei som gir uttrykk for at dei ikkje har retningslinjer dei føl i det heile tatt. Eit par eksempel: toast(med smelta ost,krydder og ketchup..), posetomatsuppe, fiskepinner og sist og ikkje minst PØLSER! Ingen av desse «matvarene» er ein verdig lunsj for eit barn (eller vaksne for den del), er ikkje barna våre verdt meir enn dette? Når me veit at pølser og anna bearbeida produkt kan vere med å provosere fram kreft på sikt, ville det ikkje vert på sin plass med reint kjøtt/ fiski i ein barnehage? Sidan veldig mange barn tilbringer store delar av kvardagane i barnehage, og foreldre ofte tyr til lettvinte middagsløysingar, så burde absolutt alle barnehagar tilby eit sunt og godt kosthold, og ikkje pølser med diverse tilbehør til alle tider.

Oså skulane burde vere strengare på dette med nistematen hos elevane. Heller ikkje her murde «mat» full av sukkert vert ok. Min andre- klassing spurde meg ein dag om kvifor han alltid må ha sunn niste med se, for kompisane hadde jo nugattiskiver på loff og sjokoladebollar! WHAT?? sjokoladebollar…kom igjen.. Det er lett for ein åtte- åring å tenke at det er urettferdig.

Så la oss gjer det klart ein gong for alle; nugattiskiver er ikkje mat! Det er godteri klint utover ei brødskive!